Verdsreligionane – buddhismen
Buddhismen er ein religion som vart stifta av Buddha for 2500 år sidan i India. Rundt sju prosent av befolkninga i verda er buddhistar.
Utbreiing
Dei første buddhistmunkane vandra rundt, utan å ha nokon fast heim. Slik vart trua deira spreidd. Etter kvart bygde dei kloster, eller tempel, der dei levde tilbaketrekte frå andre menneske. Buddhismen vart utbreidd òg blant «vanlege» folk, som ikkje var munkar. I dag finst det 500 millionar buddhistar over heile verda. Buddhismen er den fjerde største religionen i verda. Dei fleste bur i Tibet og Himalaya-området og i Sør-Asia. Men det er òg buddhistar i Europa og USA.
Buddhistiske munker på tur
Heilage stader
Buddh Gaya i India er staden der Buddha skal ha fått tankane sine om livet. Mange buddhistar reiser hit på pilegrimsferd. Her veks eit fikentre som skal vere ein avleggjar av treet som Buddha sat og mediterte under. Ved sida av fikentreet står eit buddhistisk tempel.
I buddhismen blir denne staden rekna som sentrumet i verda.
Heilage skrifter
Buddhismen har ikkje éi heilag bok. Dei har ei stor samling av bøker og skrifter. Desse inneheld mellom anna forteljingar og mytar om Buddha. Den mest kjende samlinga er Sutraene, som tek for seg talene og samtalene til Buddha. Tekstane inneheld mykje livsvisdom. Som at ein ikkje skal drepe, ikkje plage dyr, ta vare på naturen og vise omsorg for dei som treng det.
Hendene til Tibetansk munk som leser en bok
Høgtider
Vesak er den viktigaste høgtida til buddhistane. Ho blir feira i april/mai. Dei et god mat, leikar, syng og gir kvarandre kort og gåver. Dei pyntar husa sine med lykter og flagg.
I tempelet heller barna vatn over Buddha-statuen, og dei vaksne set blomstrar og frukt framfor han. Festen blir feira til minne om fødselen, oppvakninga og døden til Buddha, men mest av alt feirar dei oppvakninga. Då han fekk nye tankar om livet og innførte buddhismen. Buddhas gåve til verda er læra hans, ikkje fødselen hans.
Vesak, Lanterner flyr opp mot himmelen
Symbol
I buddhismen har hjulet ein sterk symbolikk. Den runde forma viser det evige krinsløpet der menneske stadig blir fødde på ny. Dette kallar vi samsara, livshjulet.
Eit anna symbol er dharma-hjulet med åtte eiker. Dharma betyr lære eller sanning. Det er åtte vegar til nirvana.
Lotusplanten har òg symbolsk betydning. Han spring ut i grumsete vatn med dei kvite og bleikrosa blomstrane sine. Buddhistane samanliknar det skitne vatnet med verda rundt oss. Frå denne oppstår livet, som ber i seg spiren til reinleik og frelse.
Ritual
Eit ritual er noko vi gjentek ofte og på bestemte måtar. Buddhismen har mange ritual. Både munkar, nonner og lekfolk utfører mange ritual. Dei vanlegaste er å bukke for Buddha-figuren og tenne duftande røykelse i tempelet. Høgtlesing av heilage tekstar gir vern for både menneske, dyr og eigedom.
I mange buddhistiske land er det ofte munkar som gjennomfører gravferder. Dei religiøse rituala skal sikre at den avdøde får ein god overgang til det neste livet.
Kunst og bygningar
Statuar og kunst har ein stor plass i buddhismen. Buddha-statuen er heilag for buddhistar, og dermed meir enn berre eit kunstverk. Statuen er ofte hol og fylt med heilage tekstar.
Buddhistane går i tempelet for å dyrke og tilbe Buddha. Tempelet kan ha Buddha-figurar både utanfor og innanfor.
Buddhisme i Noreg
Det finst cirka 40 000 buddhistar i Noreg. Rundt 13 000 av dei er aktive i eit religiøst trussamfunn. Dei fleste norske buddhistar har vietnamesisk bakgrunn. Det finst òg eit par tusen etnisk norske buddhistar.
Nokre er knytte til buddhismen gjennom kultur og oppvekst, utan å praktisere religionen aktivt. Andre har oppdaga buddhismen sjølve og fordjupa seg i trua. Buddhistar er ei mangfaldig gruppe, akkurat som i alle andre religionar.
Kjelder:
- Fest og høytid – Lærer (25.04.21): Vesak og buddhismen
https://festoghoytid-larer.cappelendamm.no/ento/seksjon.html?tid=1852475
- Groth, Bente: lotus – symbolikk i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 29. april 2021 frå https://snl.no/lotus_-_symbolikk
- Kværne, Per; Borgland, Jens Wilhelm: Buddha i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 29. april 2021 frå https://snl.no/Buddha
- Kværne, Per; Borgland, Jens Wilhelm: buddhisme i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 29. april 2021 frå https://snl.no/buddhisme
- NDLA (23.04.21): Buddhisme – skrifter og myter
https://ndla.no/subject:44/topic:1:198120/topic:1:198002/resource:1:192308?filters=urn:filter:78e538a3-78bf-4db2-af00-2ca7d721cb25
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-