Verdsreligionane – buddhismen

Buddhismen er ein religion som vart stifta av Buddha for 2500 år sidan i India. Rundt sju prosent av befolkninga i verda er buddhistar.

Accessibility icon Verdsreligionane – buddhismen
Verdsreligionane:

Buddhismen

Buddhismen vart ein religion for 2500 år sidan i India. Religionen er oppkalla etter Buddha. Dei første tilhengjarane av buddhismen var fattige munkar. Dei hadde ikkje lov til å eige noko eller å ha familie. Det blir kalla askese. Munkelivet er framleis vanleg i mange buddhistiske land.

Buddhistar trur at menneske og dyr blir fødde på ny når dei døyr. Det kallar vi reinkarnasjon. Målet til ein buddhist er å ikkje bli fødd på ny. Dei vil gjerne komme til nirvana. Det er ein stad utan smerte og liding. For å komme dit må dei oppføre seg skikkeleg. Dei må ha god karma, som det heiter. Munkane har nirvana som sitt høgaste mål.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Utbreiing 

Dei første buddhistmunkane hadde ikkje nokon fast heim. Dei vandra rundt for å spreie religionen. Etter kvart bygde dei tempel der dei kunne bu.

Det er ikkje berre munkar som er buddhistar. I dag finst det 500 millionar buddhistar over heile verda. Buddhismen er den fjerde største religionen i verda. Dei fleste bur i Asia, men det er òg buddhistar i Europa og USA.

Buddhistiske munker på tur
Buddhistiske munker på tur

Sentrale skikkelsar 

Buddhisme handlar om Buddha og læra hans. Buddha var opphavleg ein ung prins i India, som heitte Siddharta. Ei natt rømde han frå luksuslivet i slottet for å finne ei djupare meining med livet. Han sette seg under eit fikentre. Etter kvart forstod han korleis livet skulle levast for å oppnå nirvana, fridom frå liding. Då fekk han tittelen Buddha.

Buddha var oppteken av at vi skal vere gode mot kvarandre. Vi skal ikkje bruke vald. Buddha er ikkje ein gud, men ein læremeister. Han vil lære menneske korleis livet kan bli utan smerte og liding.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Heilage stader 

Staden der Buddha sat og tenkte, heiter Buddh Gaya og ligg i India. Mange buddhistar reiser hit. Fikentreet som veks her, skal vere ein avleggjar av treet som Buddha sat under. Ved sida av fikentreet står eit tempel.

I buddhismen blir denne staden rekna som sentrumet i verda.

Heilage skrifter 

Buddhismen har ikkje éi heilag bok. Dei har mange bøker. Desse inneheld mellom anna forteljingar om Buddha. Tekstane inneheld mykje livsvisdom. Vi skal ikkje drepe menneske eller plage dyr. Vi må ta vare på naturen, og vi må vise omsorg for dei som treng det.

Hendene til Tibetansk munk som leser en bok
Hendene til Tibetansk munk som leser en bok

Høgtider 

Vesak er den viktigaste høgtida til buddhistane. Ho blir feira i april/mai. Dei et god mat, leikar, syng og gir kvarandre kort og gåver. Dei pyntar husa sine med lykter og flagg.

Festen blir feira til minne om Buddhas fødsel og læra hans. Det viktigaste er læra til Buddha, og ikkje fødselen hans. I kristendommen blir jula feira fordi Jesus vart fødd.

Vesak, Lanterner flyr opp mot himmelen
Vesak, Lanterner flyr opp mot himmelen

Symbol

Eit symbol er gjerne ein ting som fortel noko anna enn akkurat det vi ser. Eit sverd kan symbolisere krig. Eit hjarte kan symbolisere kjærleik. I buddhismen har hjulet sterk symbolikk. Dette blir kalla samsara, livshjulet. Den runde forma viser at livet er ei evig reise. Menneske blir heile tida fødde på ny. Eit anna symbol er dharma-hjulet med åtte eiker. Eikene viser at det er åtte vegar til nirvana. Lotusplanten har òg symbolsk betydning. Han spring ut i grumsete vatn med kvite og rosa blomstrar. Det skitne vatnet er verda rundt oss. Frå denne verda kan livet oppstå som ein vakker blomst.

Ritual

Eit ritual er noko vi gjentek ofte, og på bestemte måtar. Eit døme på ritual er den kristne julefeiringa.

Buddhismen har mange ritual. Dei vanlegaste er å bukke for Buddha-figuren og tenne røykelse med sterk duft i tempelet. Høgtlesing av heilage tekstar gjer at menneske, dyr og eigedom får vern.

I ei buddhistisk gravferd skal den døde få ein god overgang til det neste livet.

Kunst og bygningar 

Statuar og kunst har ein stor plass i buddhismen. Det er ikkje som i islam der ein ikkje har lov til å avbilde Muhammed.

Buddhistane går i tempelet for å tilbe Buddha. Tempelet kan ha Buddha-figurar både utanfor og innanfor.

Buddhisme i Noreg 

Det finst cirka 40 000 buddhistar i Noreg. Rundt 13 000 av dei er aktive i ei buddhistisk forsamling. Dei fleste norske buddhistar har vietnamesisk bakgrunn.

Nokre er oppvaksne med buddhisme, men er ikkje aktive i ei forsamling. Andre har oppdaga buddhismen sjølve og følgjer læra til Buddha. Buddhistar er like ulike som andre truande.

Kjelder:

  • Kværne, Per; Borgland, Jens Wilhelm: Buddha i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 29. april 2021 frå https://snl.no/Buddha
  • Kværne, Per; Borgland, Jens Wilhelm: buddhisme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 29. april 2021 frå https://snl.no/buddhisme

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images