Læreplantilkobling

Fag

Engelsk

KRLE

Mat og helse

Religion og etikk

Core Kjerneelementer

  • Kjennskap til religioner og livssyn
  • Utforsking av religioner og livssyn med ulike metoder
  • Etisk refleksjon
  • Kunne ta andres perspektiv
  • Kjennskap til religioner og livssyn
  • Utforsking av religioner og livssyn med ulike metoder
  • Helsefremjande kosthald
  • Mat og måltid som identitets- og kulturuttrykk
  • Berekraftige matvanar og berekraftig forbruk
  • Etisk refleksjon

Cogs Tverrfaglig tema

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

4. trinn
KRLE
  • sammenligne og presentere ulike årstider og høytider i kristendom og andre religions- og livssynstradisjoner, som kulturarv
4. trinn
KRLE
  • bruke enkle fagbegreper i arbeidet med religioner og livssyn
4. trinn
Mat og helse
  • samtale om måltidsskikkar frå norsk og samisk kultur og frå andre kulturar, og om verdien av å ete saman med andre
7. trinn
KRLE
  • beskrive og presentere noen sentrale rituelle praksiser og etiske normer fra østlige og vestlige religioner og livssynstradisjoner
7. trinn
KRLE
  • bruke fagbegreper i arbeidet med religioner og livssyn
7. trinn
Mat og helse
  • lage måltid frå ulike kulturar og fortelje om og utforske korleis sosialt fellesskap og samhandling kan vere med på å styrkje god helse
10. trinn
KRLE
  • utforske og presentere sentrale trekk ved kristendom og andre religions- og livssynstradisjoner og deres utbredelse i dag
10. trinn
KRLE
  • bruke og drøfte fagbegreper om religioner og livssyn
10. trinn
Mat og helse
  • lage mat frå norsk og samisk kultur og frå andre kulturar og samanlikne og utforske råvarer og matlagingsmetodar som blir brukte i ulike matkulturar
10. trinn
Mat og helse
  • vise gjennom matlaging og måltid korleis identitet og fellesskap blir formidla i ulike kulturar
VG3
Religion og etikk
  • presentere og sammenligne noen sentrale trekk ved østlige og vestlige religions- og livssynstradisjoner, inkludert kristendom og islam
VG3
Religion og etikk
  • gjøre rede for og drøfte sentrale fagbegreper knyttet til religioner, filosofi, livssyn og etikk

Maten sin plass i religionane

Mat er viktig i alle dei fem verdsreligionane. Kvar av religionane har tradisjonane sine, og det følgjer strenge reglar med om kva som er lov og ikkje lov. For mange familiar er det viktig å vidareføre desse tradisjonane og reglane til barna sine. Maten speler ei viktig rolle både til kvardag og fest, men aller mest under høgtider. Kva mattradisjonar har den religionen du tilhøyrer?

Accessibility icon Maten sin plass i religionane

Religion og mat

Kva vi et varierer frå land til land og frå landsdel til landsdel. Dei ulike religionane har òg ulike reglar og tradisjonar når det gjeld mat.

Skal du lage mat til menneske frå ulike kulturar, er det viktig å ha god kunnskap. Ein bør ha respekt for folks matkultur.

Tradisjonsmat

Hinduistiske mattradisjonar

Mange hinduar er vegetarianarar, men mange et òg kjøt. Dei føretrekkjer at dyra blir slakta raskt (jhatka), slik at dei lir minst mogleg.

I hinduismen er måltida viktige for å samle familien.

Nokre hinduar fastar, som betyr å ikkje ete mat over ei lenger tid. Men alt i alt er mat viktig for dei fleste hinduar.

I India er nærare 80 prosent av befolkninga hinduar, så det indiske kjøkkenet er ein viktig tradisjonsberar.

Indisk måltid

Vegetarianarar

Omtrent 30 prosent av hinduane i verda er vegetarianarar. For dei er det utenkjeleg å ete kjøt. Haldninga er at ein ikkje skal drepe eit dyr for å mette sin eigen mage. Det er jo så mykje anna godt å ete.

Vegetarmat i India blir merkt med grønt. Meieriprodukt som mjølk og smør blir rekna som vegetarkost. For andre vegetarianarar er det feil å ete noko som kjem frå kua eller frå andre dyr.

På indiske restaurantar vil du ofte finne to menyar; vegetarisk og ikkje vegetarisk. Er du glad i vegetarmat, bør du absolutt besøke India.

Heilage kyr

Hinduar ser på kyr som heilage, og dei et derfor ikkje storfekjøt. Mjølk derimot er det mange som drikk, og det blir ete masse meieriprodukt.

Sjølv om det er strengt forbode å ete storfekjøt, kan dei fattigaste ete det viss dei finn ei daud ku ute i naturen.

Hinduar kan ete kjøt frå sau og kylling.

Varm lunsj

Indarar et fleire varme måltid om dagen. Ikkje minst til lunsj. Mange tek med seg mat dei kan varme opp på jobben. Nokre gongar endar dei opp med eit stort tapasbord der alle kan forsyne seg.

Andre får levert lunsjboks med varm mat heimanfrå eller frå eit cateringselskap. Dette konseptet heiter dabbawala. 

Te og søtsaker

Indarar drikk mykje te. Dagen blir ofte starta med ein kopp chai, som er te med mjølk og krydder. Overalt i India finn du folk som sel chai. Snacks og søtsaker blir ofte servert saman med teen.

Det er heilt vanleg å bli tilbode ein kopp chai medan du handlar i ein butikk.

Indarar feirar fleire festivalar og høgtider i løpet av året, og då står søtsaker ofte øvst på menyen.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Indisk hellig ku

Islamske mattradisjonar

Islam strekkjer seg over eit enormt landområde. Det seier seg sjølv at ikkje alle et det same i desse områda.

Likevel er det nokre felles reglar for matlaging. Det er forbode å ete blod, svinekjøt og sjølvdauda dyr. Forboden mat heiter Haram, medan Halal betyr tillaten mat. Dyreartar som er lov å ete er sau, okse og kylling.

Ramadan er den muslimske fastemånaden. Då lèt ein vere å ete frå soloppgang til solnedgang. Når ramadan er over, feirar ein høgtida Id al-Fitr.

Islamsk mat

Svinekjøt

I den heilage boka til islam, Koranen, er svina det einaste dyret som er strengt forbode å ete. Forbodet står skrive i Koranen:

«Sei: ‘I alt som er openbert for meg, finn eg ikkje andre forbod til den som et, enn ikkje å ete sjølvdauda dyr, spilt blod og kjøt av svin.’» (Koranen, sure 6,145)

 

Forbodet mot svinekjøt er absolutt. Svinet blir sett på som ureint, og det blir rekna som helseskadeleg å ete det.

Ramadan

Ramadan er den islamske fastemånaden og ei plikt for alle muslimar. Fasta varer inntil 30 dagar.

Under ramadan kan ein ikkje ete eller drikke frå soloppgang til solnedgang. Sjølve ordet ramadan betyr «stor heite». Det kan bety at ramadan brenn bort alt det vonde vi har inni oss. Ramadan er til minne om då Koranen vart openberra for profeten Muhammed.

 

Etter ramadan er det ein stor fest som blir kalla Id al-Fitr. Då blir det servert festmat og mykje søtsaker.

Id al-Fitr

Under høgtida Id al-Fitr blir det ete veldig mykje god mat. Då er det verkeleg feststemning, etter nesten 30 dagar med faste. Nokre av rettene som blir etne er:

Biryani

Biryani består av ris, krydder og kjøt eller grønsaker. Sjå oppskrift på https://www.nrk.no/mat/biryani-med-kylling-1.12924355

Dolma

Dolma består av vinblad som blir fylte med kjøt, ris og krydder, rulla saman og kokte. Sjå oppskrift på https://www.nrk.no/mat/sur-dolma-1.14571599

Samosa

Dette er trekantforma, frityrsteikte paiar som ofte er fylte med søtpotet, torsk og erter. Sjå oppskrift på https://www.nrk.no/mat/samosa-med-yoghurtsaus-1.12911402

Halal

Halal er eit arabisk ord som betyr tillate. Dyreartar som er tillatne å ete er sau, lam, okse, kalv, fisk og kylling. Det er også tillate å ete alle typar frukt, grønsaker og korn.

Det er krav til korleis dyret skal bli slakta for at det skal vere halal. Dyret må bli slakta raskt, slik at det bli tømt for blod. Muslimar kan nemleg ikkje ete blod.

I Koranen er det fleire krav som må bli oppfylte ved slakting:

  • Dyret må ikkje vere sjølvdauda
  • Dyret må vere tømt for blod
  • Dyret skal bli slakta i Allahs namn av ein muslim
  • Dyret skal ikkje bli utsett for unødvendig smerte
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Halal

Jødiske mattradisjonar

Reglane for kva jødar kan ete, kjem frå Toraen – dei fem Mosebøkene i Bibelen. Her skil ein mellom kva som er passande å ete –kosher, og kva som ikkje er lov å ete – treif.

Ifølgje første Mosebok sa Gud at menneska skulle vere vegetarianarar. Men i tredje Mosebok seier Gud at jødane kan ete dyr, men ikkje alle.

Jødane slaktar dyr så varsamt som mogleg. Kven som helst kan ikkje slakte dyr. Det må vere ein kvalifisert schæchter.

Jødisk mat

Kosher

I eit kosher-kjøkken må det skiljast tydeleg mellom mjølk og kjøt. Både råvarer og kjøkkenutstyr må haldast frå kvarandre. I praksis betyr dette at ein oftast har dobbelt opp av tallerkenar, bestikk og kjelar.

Mange jødiske heimar har to oppvaskkummar, ein til kjøt og ein til mjølk. Dei merkjer bestikket dei et kjøt med og har eit ekstra sett med korger til oppvaskmaskina. Enkelte kan til og med ha to kjøleskap!

Purim-festen

Då kler dei seg ut, kjem saman for å ete og drikke og gir kvarandre gåver. Men kanskje det viktigaste er å lese Esters bok frå Bibelen. Historia seier at dronning Ester redda jødane frå eit folkemord langt tilbake i tid.

Etter at Esters bok er lesen, et dei kjeks som heiter Hamentaschen. Dei er forma som ein trekant og fylte med valmuefrø, syltetøy eller Nugatti.

Det er òg tradisjon å gi mat til familie, venner, sjuke og fattige. Maten blir lagd i pynta korger som blir kalla Mishloach manot.

Pesach

Pesach blir rekna som den viktigaste heilagdagen for jødane. Dagen blir feira om våren. Då vaknar naturen til liv etter ein lang vinter. Sjølv om pesach ofte blir kalla «jødisk påske», er det ein tradisjon som starta lenge før kristendommen.

Ifølgje Bibelen var jødane slavar for faraoane i Egypt. Pesach blir feira til minne om korleis Moses, med Guds hjelp, redda jødane ut av fangenskap. Kvar generasjon er forplikta til å vidareføre denne feiringa til barna sine.

For å oppfylle dette påbodet utfører ein eit rituelt måltid – seder – heime med familien. Måltidet kan ta fleire timar, og heile historia om frigjeringa til jødane frå Egypt blir fortald med hjelp av maten.

Sabbats-måltidet

I jødedommen blir det feira sabbat kvar veke. Ordet kjem av det hebraiske ordet schabbath som betyr kvile. Sabbaten varer frå solnedgang fredag til solnedgang laurdag. Før familien et, tenner dei sabbatslysa. Den eldste mannen i huset velsignar vinen – kiddush og skjer sabbatsbrødet – challah.

Måltidsfellesskapet er heilagt for ein jødisk familie. Då et dei fletta brød, fisk, suppe, kylling og dessert utan meieriprodukt.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Purim

Buddhistiske mattradisjonar

Buddhistar prøver å gjere minst mogleg skade på menneske og natur. Mange lever som vegetarianarar, men det er ikkje eit krav.

For å leve er vi nøydde til å ete mat, og då blir det kravd at nokon må ta liv av dyr og plantar. Eit viktig prinsipp er at vi gjer det for å livnære oss, og ikkje av andre egoistiske årsaker.

Vi skal ikkje setje større fotavtrykk etter oss i naturen enn nødvendig.

I buddhismen er det mange som lever som munkar. Desse munkane har eigne levereglar, og dei kan til dømes ikkje ete etter kl. 12.

Buddhistisk munk

Vegetarianarar

Buddhistar er ofte vegetarianarar. Buddhas lære handlar mykje om å leve eit godt liv. Ein skal vise og praktisere godheit og kjærleik mot alt rundt seg. Når ein blir betre og betre på dette, kan ein komme over i eit nytt stadium. Livet består av slike stadium, og målet er å komme så langt ein kan.

Jo høgare opp ein kjem i desse stadia, dess strengare blir matreglane. På det andre stadiet kan ein ikkje drepe for å skaffe seg mat. På det tredje stadiet må ein leve vegetarisk.

Vesak

Vesak er ein festdag til minne om Buddhas fødselsdag, dagen då han fekk si oppvakning, og til minne om dødsdagen hans. Desse tre hendingane skal ha skjedd på same dato. Kva er eigentleg oppvakning?
“Ei natt som Buddha sat under eit fikentre, forstod han korleis menneska kunne oppnå Nirvana – eit liv utan liding. Denne oppvakninga ønskte han å fortelje om til alle andre.”

 

Høgtida er ei fargerik og glad feiring. Heimane blir pynta, og mange vitjar lokale tempel for å gi mat til munkane. Ingen skal måtta leve i svolt eller fattigdom.

Buddha stir fry med åtte grønsaker

Dette er ei oppskrift frå eit kloster i Beijing. Klosteret er nok mest kjent for verdas største Buddhastatue i tre.

Retten har fått namnet sitt fordi han inneheld åtte ulike grønsaker. Talet åtte er det talet på livsvegar i buddhismen som fører til eit godt liv.

Stir fry er ein kinesisk rett der maten blir kokt i ei wokpanne med masse olje. Har du lyst til å prøve deg på denne retten, finn du oppskrifta på https://millasmat.com/middag/buddah-stir-fry-med-groennsaker

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kristne mattradisjonar

I kristendommen er det få eller ingen spesielle matreglar. Blant ortodokse kristne og katolikkar er det mange som fastar. Men dette bestemmer kvar enkelt. Somme vel å vere vegetarianar, medan andre et akkurat det dei vil.

Då kristendommen etablerte seg rundt tidsrekninga vår, var dei opptekne av å skilje seg ut blant dei andre religionane. Det var viktig å ha eit avslappa forhold til mat og drikke.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Barn spiser kalkun

Hausttakkefest

Hausttakkefest er ei gudsteneste der ein takkar for alt naturen gir oss. Då blir det sett fram frukt, grønsaker, brød og mykje anna for å vise takksemd for alt det gode vi har å ete.

Nattverd

Nattverden er eit enkelt måltid som er ein viktig del av den kristne gudstenesta. Under nattverden et kristne brød og drikk vin. I protestantiske kyrkjer er dette symbol på Jesu kropp og blod.

Nattverden var opphavleg det siste måltidet Jesus og disiplane åt før Jesus vart teken til fange. I kristen tru får ein tilgiving for det galne ein gjer gjennom nattverden, og det blir gjort til minne om Jesus.

Dei første kristne

Paulus meinte at kristne ikkje trong å følgje gamle jødiske og romerske matreglar. Han oppmoda dei til å ha eit avslappa forhold til mat og drikke. Han meinte at matreglar var noko menneska hadde funne på, og ikkje Gud.

I brevet til folkeslaget kolossarane skreiv Paulus mellom anna: ”Så lat då ingen dømma dykk når det gjeld mat og drikke, høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar. ” (Kol 2, 16)

Julemat

Kristne et mykje god mat til jul, og feiringa er ganske lik over det meste av verda. Den største forskjellen er nok at ortodokse kristne og katolikkar har ein fasteperiode i samband med jul.

I Noreg er det vanleg å ete torsk, svineribbe, kalkun eller pinnekjøt på julaftan. I tillegg til julekaker, riskrem, moltekrem, klementinar og marsipan. Vi sparer ikkje på noko som helst når årets største høgtid kjem.

Mange har ikkje pengar til festmat. Då kan dei få hjelp av Røde Kors eller andre organisasjonar.

Katolikkane kjem frå så mange ulike land, så der vil tradisjonane variere ein god del.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Nattverd

Kjelder:

  • Kværne, Per; Jacobsen Knut A.: Hinduisme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M09 22 frå
    https://snl.no/hinduisme
  • Cohen, Katrine Jutrem; Groth, Bente: Sabbat Store norske leksikon på snl.no
    Henta 2021 M09 23 frå https://snl.no/sabbat
  • Thomassen, Merete; Rasmussen, Tarald: Nattverd Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M09 24 frå
    https://snl.no/nattverd
Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

  1. Getty Images
  2. Getty Images
  3. Getty Images
  4. Getty Images
  5. Getty Images
  6. Getty Images
  7. Getty Images
  8. Getty Images
  9. Getty Images
  10. Getty Images
  11. Getty Images
Close Icon

Loading...