Dronning av ei verd i endring

Frå Dronning Elizabeth II vart fødd i 1926, og fram til ho døydde i 2022, gjekk utviklinga i ein rasande fart. Kva endringar gjekk verda gjennom i den britiske dronninga si levetid?

Accessibility icon Dronning av ei verd i endring

Eit hundreår i forvandling

Dronning Elizabeth II av Storbritannia levde i 96 år. Ho var dronning i 70 år. Verda endra seg enormt mens ho var dronning.

Då Elisabeth II vart fødd, var det få som kunne sjå for seg at menneske kunne lande på månen, at det skulle bli laga atombomber som kan utslette heile kloden, eller at vi fekk plass til heile verda i lomma i ein smarttelefon.

Vi kan sjå tilbake på eit hundreår med enorme forandringar. Her følgjer nokre av forandringane dronninga både deltok i og var vitne til.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sort/hvitt bilde av Dronning Elizabeth II hilser på folket på en av sine reiser
Sort/hvitt bilde av Dronning Elizabeth II hilser på folket på en av sine reiser

Sola gjekk ned over det britiske imperiet

Storbritannia var eit enormt imperium. Det betyr at Storbritannia bestemte over store delar av verda. Då Elizabeth II vart fødd, dekte imperiet ein tredjedel av landområda på jorda. Det vart derfor sagt at sola aldri gjekk ned over det britiske imperiet.

Kart over Det britiske imperiets
Kart over Det britiske imperiets

Samveldet av nasjonar

Etter dei to verdskrigane gjekk imperiet i oppløysing. Då melde 54 land seg inn Samveldet av nasjonar. Statssjefane til desse medlemslanda  valde Dronning Elizabeth II som overhovud. Rolla som overhovud er ikkje ei arveleg rolle, slik som som det å vere dronning er. I 2022 vart Gabon og Togo tatt opp som nye medlemmar.

Den kalde krigen

USA, Storbritannia og Sovjetunionen samarbeidde under 2. verdskrigen. Deira felles fiendar var Tyskland, Italia og Japan, som til slutt tapte krigen. Etter krigen vart USA og Sovjetunionen fiendar. Dei ville styre verda på sin politiske måte, og dei kjempa mot hverandre. Eit iskaldt jernteppe breidde seg utover Europa, og aust stod mot vest. Dei brukte ikkje våpen direkte mot kvarandre, og vi kallar det derfor ein kald krig.

Et skittent sovjetisk og amerikansk flagg liggende mot hverandre.
Et skittent sovjetisk og amerikansk flagg liggende mot hverandre.

Månelandinga

På 1960-talet vart verdsrommet utforska. Det vart  konkurranse mellom USA og Sovjetunionen om å vere først til å lande på månen. Det vart kalla romkappløpet. I 1969 tok amerikanarane Neil Armstrong og Buzz Aldrin dei aller første skritta på månen.

Astronaut på månen ved amerikansk flagg og romfartøy i bakgrunnen
Astronaut på månen ved amerikansk flagg og romfartøy i bakgrunnen

Thatchers revolusjon

Dronning Elizabeth II utnemn 15 statsministrar. Den første kvinnelige statsministeren i Storbritannia, Margaret Thatcher, vart kalla «Jernkvinna». I hennar tid opplevde Storbritannia økonomisk vekst. Likevel fikk ho mykje av skulda for at mange ikkje hadde jobb. Ho vart også upopulær i mange andre land. Ikkje minst Tyskland.

Sort/hvitt-bilde av Margaret Thatcher sittende sidelengs foran skrivepult med ansiktet vendt mot kamera.
Sort/hvitt-bilde av Margaret Thatcher sittende sidelengs foran skrivepult med ansiktet vendt mot kamera.

Falklandskrigen

Argentina og Storbritannia var ueinige  om kven som skulle bestemme over Falklandsøyane. I 1982 vart det krig, og han varte i 74 dagar før Argentina måtte gje seg. Sidan har øyane tilhøyrt Storbritannia, men dei kan bestemme ein del sjølve. Argentina meiner framleis at dei har rett på Falklandsøyane.

Havneområdet sett fra bryggespissen.
Havneområdet sett fra bryggespissen.

Kvinnebevegelsen

Som kvinneleg leiar og småbarnsmor vart dronning Elizabeth II eit forbilde for mange. Då ho vart dronning, og i lang tid framover, hadde fleirtallet av kvinner i verda  få høve til å ta del i samfunnet.

Kvinner har derfor måtta kjempe for rettane sine. Kvinnekampen har gitt mange høve til å leve slik dei sjølve ønskjer. Likevel er det framleis ein lang veg å gå i mange land.

Dronning Elizabeth II står foran mikrofon og taler ikledd lys kjole. Bak henne sitter en forsamling med mennesker.
Dronning Elizabeth II står foran mikrofon og taler ikledd lys kjole. Bak henne sitter en forsamling med mennesker.

Terrorbølgje

Mange stader i verda opplever terrorisme. Terrorisme er når personar eller grupper skadar og drep uskuldige for å få fram si meining. Terrorisme slår ofte heilt uventa til. Dei seinare åra har vi opplevd terror med kapra passasjerfly i USA, massedrap på Utøya og bombeangrep på undergrunnen i London.

Terrorangrepet på World Trade Center i New York 9/11
Terrorangrepet på World Trade Center i New York 9/11

Brexit

Storbritannia var medlem av EU i mange tiår før dei bestemte seg for å melde seg ut i 2020. EU er blant anna ein handelsavtale mellom 27 land i Europa (2022). Prosessen med å melde Storbritannia ut vart kalla Brexit (av «Britain» og «exit»). Det vart eit politisk jordskjelv då det vart kjent at Storbritannia ville melde seg ut.

Folketog under demonstrasjon. Svær plakat av Boris Johnson med Jokeren-sminke manipulert inn.
Folketog under demonstrasjon. Svær plakat av Boris Johnson med Jokeren-sminke manipulert inn.

Teknologisk utvikling

I dei åra dronninga levde, var det ei stor teknologisk utvikling. Frå hustelefonar til smarttelefonar. Frå svart/kvitt-TV til strøymetenester. Frå papiraviser til sosiale medium.

Dronning Elizabeth II begynte å kommunisere med folk på ein helt annan måte enn kongelege hadde gjort tidligare. Ho brukte radio og TV for å snakke til folket. Då ho vart krona til dronning, var det 27 millionar mennesker berre i Storbritannia som såg dette på TV.

Hennar første personlege TV-sending kom i 1957. Då sat ho heime hos seg sjølv og snakka med folket gjennom det ho kalla «det nye mediet televisjon».

Dronning Elizabeth sende sin første e-post i 1976. Kongehuset fekk si første offisielle heimeside i 1997. Den første Twitter-meldinga vart send i 2014, og i 2019 kom den første Instagram-posten.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Sort/hvitt bilde av Dronning Elizabeth II sitter ved et skrivebord vendt mot kamera. Bak henne står en hylle med stor mengde bilderammer.
Sort/hvitt bilde av Dronning Elizabeth II sitter ved et skrivebord vendt mot kamera. Bak henne står en hylle med stor mengde bilderammer.

Eit tidsvitne

Dronning Elizabeth II var vitne til ei verd med enorme endringar, ei verd med store utfordringar og mange historiske hendingar. Ho sette store  spor, så sonen hennar, Kong Charles III, har store sko å fylle.

To sedler og tre mynter der dronning er avbildet.
To sedler og tre mynter der dronning er avbildet.

Kjelder:

  • Mustad, Erik: Brexit i Store norske leksikon på snl.no. Henta 9. september 2022 frå https://snl.no/Brexit
  • Arntzen, Jon Gunnar: Elizabeth 2. i Store norske leksikon på snl.no. Henta 12. september 2022 frå http://snl.no/Elizabeth_2.

 

Bilde- og videorettar:

    1. NATO
    2. Public domain
    3. Alamy
    4. Getty Images
    5. NASA
    6. Getty Images
    7. Public domain
    8. Getty Images
    9. Communicate New Zealand / National Archives / CNZ Collection
    10. Getty Images
    11. Jannes van den Wouwer
    12. Faksimile YouTube: https://www.youtube.com/watch?v=mBRP-o6Q85s
    13. YouTube
    14. Frankieleon
Close Icon

Loading...