Grade: VG2

Anatomi på høge hælar

Vi startar nederst, med tærne:

Når helen går opp, går tærne ned. I ein sko betyr dette at tærne blir pressa saman nede i skotuppen, og at det er tærne som må tåle heile vekta av kroppen. Til høgare helar, til meir vekt på tær og tråputene under tærne. Over tid vil mykje vekt på tær, som er skvisa saman nede i ein trang sko, ikkje berre gjere vondt, men det kan også øydeleggje både tær og tånegler for livet.

Akilles, den sårbare senen

På baksida av ankelen sitter akillessenen. Dette er den største senen i kroppen, og han er kjempesterk. Den tåler faktisk meir enn 500 kilo! Men går du på høge helar heile tiden kan akillesen bli overbelasta, og du kan få veldig vondt. I nokon tilfelle kan akillesen slitast slik at den rykar i to helt ødelagt. Dobbelt-au!

Mistar bakkekontakt
Når helane er høge vil foten din stå i ein stilling som ikkje er normal. Når du blir gåande på tærne, utan noko særleg støtte under hælen og mindre kontakt med bakken under deg, vil ankelen din bli mer bevegeleg seg annerledes. Dette kan gjere at du mykje lettare kan få ankelen ut av stilling, vrikke eller forstue han. Au!

Krympande leggmuskel

Når du går på tærne heile tida så får du heller ikkje strukket beinet på den naturlege måten. Viss du går veldig mykje med høge helar kan det etter kvart bli vanskeleg å strekkje ut beinet fordi leggmuskelen rett og slett blir kortare.

Dominoeffekt

Du har mista mykje av bakkekontakta, tærne er stappa ned i ein skotupp, leggmuskelen har krympa og ankelen jobbar saman med akillesen for å holde deg oppreist og stabil. Samtidig må heile kroppen finne ein ny måte å halde balansen. Knærne blir belasta på ein ny måte når du går på ein ny måte. Når du må leggje vekta på nye stader, vil du få eit nytt tyngdepunkt. Hoftene dine pressast frem og korsryggen strammast. Det er kanskje fint med høge helar, men er det verdt vridde anklar, hovne knær og vond rygg?